mandag 13. februar 2012

Me fekk i oppgåve å analysere eventyret ” Oskeladden som kappåt med trollet”. I tillegg skulle med svara på noko spørsmål. Her er svaret eg ga på oppgåva.

Oskeladden som kappåt med trollet

Oskeladden som kappåt med trollet er eit eventyr henta frå Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr. Dette er eit av dei mange eventyra og songane som Asbjørnsen og Moe henta inn når dei reiste rundt i landet for å få tak i eventyr til ”norske folkeeventyr”.

Oskeladden som kappåt med trollet handlar om ein liten familie på fem som slitar med gjelda si. Faren i huset er blitt gamal og skrøpeleg og kan gjere lite nytte for seg. Derfor sender han ut en etter en, det tre sønene han har for å hogga ned tre i skogen deira, slik at det får betalt av litt av gjelda. Det visar seg at det ikkje blir så lett. Både mellomste å eldste mann kjem springande heim att, andpustne å redde. Trollet i skogen trua med å drepa om dei ikkje ga seg med å hugge i hans skog. Då bestemte Oskeladden seg for å prøva, og etter litt om og men, lurte han til slutt trollet til å ta sitt eige liv. Alt gull og sølv som fantes i berget til trollet, tok oskeladden med seg heim og betalte av all gjelda til faren.

Eit eventyr startar med ei innleiing, kor ”Det var ein gong…” ofte er dei fyste orda. Oskeladden som kappåt med trållet er ikkje eit unntak; ” Det var ein gong ein bonde som hadde tre søner; han var i små kår og gamal og skrøpeleg, og sønene ville ikkje ta seg noko til. Til garden høyrte ein stor, god skog, og den ynskja faren at gutane skulle hugge i, og sjå å få betalt unna noko av gjelda.” Her ser ein også at det blir fortalt om slektsforholda og forholda elles i eventyret. Me får også høyra litt om korleis det ser ut der dei bur. Dette kallas ei skildring. Alt dette er typisk ei innleiing i eventyrsjangrane.

Så fort innleiinga er overstått finn ein fort ut kva konflikten er i eit eventyr er . Dette skjer veldig kjapt i dette eventyret, kor første og eldste son møter på trollet og spring heim att. Han vill ikkje hogga i skogen meir. Son nummer to går dagen etter, men blir også skremt vekk av trollet. I Eventyr er det normalt at same handling skjer opptil fleire gongar, bare med ein anna person for eksempel. Her gjentas det som skjedde med bror nummer ein, med bror nummer to, noko som er veldig normalt i eventyr. Når Oskeladden dreg ut til skogen, begynner spenningen verkeleg å byggje seg opp. Når han treff på trollet og seiar han vill knusa han like lett som han gjer med den ”kvite steinen”,( som eigentlig er ost), han har i handa nærmar me oss klimaks. For det om held spenningen fram heilt til trollet tar livet av seg sjølv. Da når eventyret klimaks.

At alle gode ting er tre blir brukt i dette eventyret er det ikkje noko tvil om. Oskeladden er nummer tri som prøva seg i skogen, og han lykkes. Dette er eit veldig viktig tal i eventyrsjangeren. Etter dette når eventyret avstenging/løysnings fasen, kor Oskeladden får med seg alt det verdifulle trollet har i berget, og ordnar opp i gjelda til faren.

Buskapte i dette eventyret kan væra så mangt, men ein ting som slår meg er ” alt er mogleg”. Det er minstemann som ordnar opp, det er minste mann som truar trollet og lurar det trill rundt, det er minstemann som betalar ned gjelda til faren. Det er minstemann, som få hadde tru på, som klarte det. Ein hadde vell ikkje tenkt at det var mogleg?

Dagens Oskeladden

Når eg tenkar på dagens Oskeladden kjem Aleksander Rybak opp i hovudet mitt. Mykje av grunnen til detta er nok pga. Fela hans. Ei fela er noko som eg personleg konnotera med tida Oskeladden er framstilt i. I tillegg tok Rybak seier i den norske og internasjonale MGP i 2009, noko som mange ikkje hadde forventa.

Eventyr samanlikna med dagens TV og film underholdning.

Som i gamle eventyr er det også hindringar i dagens film og fortellar verden. I dei alle fleste filmar skjer det noko uventa eller ein konflikt som gjer at en ikkje når målet så fort som ein kanskje måtte ynskja. Eit eksempel på dette kan ein henta ut i frå filmen ”Hodejegeren”. Det handlar om ein mann som stel verdifulle malerier, sel dei vidare og tenar seg rik på dette. Etter fleire vellykka ran, går det gale. Ein dag finn han ut at ein businessparter har eit svært verdifult bilete. Dette får han tak i, men ikkje selt att før han begynner å bli etterfølgt. Meir skal eg ikkje røpe no.

- over og ut

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar